Det er ein fest inne i sola og alle er inviterte
Forestilling for barn
Korleis er det mogleg å ha ein fest inne i sola? Korleis kjennest det ut? Vandraren Frank Walker tek oss med når han snublar inn og ut av ulike dimensjonar med unike lover for tid og rom. Me møter mytiske karakterar der omgjevnadane skifter i samspel med oss. La oss vera samen i det uforståelege; gjennom ein felles, sanseleg oppdagingsferd driven av undring i eit poetisk scenisk univers.
Vandrefrank er eit kunstnarkollektiv med Mari LB Kamsvaag, Thomas Bergsten, May Therese Vorland og Desiree Bøgh Vaksdal. Produsent: Lotta Rygg
Me brenn for teatret som ein arena der rare, merkelege og vakre ting oppstår og eksisterer, utan at det behøver å reduserast til vitskapelege omgrep og teoriar. Me skaper eit samtalerom på tvers av generasjoner der nyfikne tankar får ferdast fritt.
Passar barn 5–10 år.
Varighet: 40 minutter
Gratis for barn i følge med voksne! Husk å skriv hvor mange barn som er med når du kjøper billett, så vet vi hvor mange seter vi skal reservere.
Produsert i samarbeid med Fossekleiva kultursenter og Sentralen i Oslo.
Støtta av Kulturrådet Norsk Kulturfond og Fond for lyd og bilde, Drammen kommune og Oslo kommune.
Foto av Julia Marie Naglestad.