Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Det er ein fest inne i sola og alle er inviterte

8. januar 20229. januar 2022

Forestilling for barn

Korleis er det mogleg å ha ein fest inne i sola? Korleis kjennest det ut? Vandraren Frank Walker tek oss med når han snublar inn og ut av ulike dimensjonar med unike lover for tid og rom. Me møter mytiske karakterar der omgjevnadane skifter i samspel med oss. La oss vera samen i det uforståelege; gjennom ein felles, sanseleg oppdagingsferd driven av undring i eit poetisk scenisk univers.

 

Vandrefrank er eit kunstnarkollektiv med Mari LB Kamsvaag, Thomas Bergsten, May Therese Vorland og Desiree Bøgh Vaksdal. Produsent: Lotta Rygg

Me brenn for teatret som ein arena der rare, merkelege og vakre ting oppstår og eksisterer, utan at det behøver å reduserast til vitskapelege omgrep og teoriar. Me skaper eit samtalerom på tvers av generasjoner der nyfikne tankar får ferdast fritt.

Passar barn 5–10 år

Varighet: 40 minutter

Gratis for barn i følge med voksen, husk å skrive hvor mange barn som er med slik at vi får reservert riktig antall seter.

Produsert i samarbeid med Fossekleiva kultursenter og Sentralen i Oslo.

Støtta av Kulturrådet Norsk Kulturfond og Fond for lyd og bilde, Drammen kommune og Oslo kommune.

Foto av Julia Marie Naglestad.

 

Kjøp billetter til 8. januar 2022

 

Kjøp billetter til 9. januar 2022

Detaljer

Start:
8. januar 2022
Slutt:
9. januar 2022
Kategori for Arrangement:

Sted

Fossekleiva Kultursenter
Bergerveien 2, 3075 Berger